Pris
Kr. 1990,-
ekskl. MVA

Godstransport – ny bransje i Arbeidsmiljøportalen

Godstransport er ein ny bransje i Arbeidsmiljøportalen. Om lag 76 000 personar jobbar innan godstransport, post og lagring. Flest jobbar som sjåfør, lager- og transportmedarbeidar eller i kundetenesteyrker.

25 % av dei med fråvær i denne bransjen oppgir at dette skuldast helseproblem som, heilt eller delvis, er forårsaka av jobben. Det kan vere mange årsaker til helseplager og sjukefråvær, og arbeidsmiljøet kan ha stor betydning.

– I portalen kan arbeidsgivarar og arbeidstakarar finne innsikt om nettopp deira bransje og, ikkje minst, verktøy som kan bidra til eit godt arbeidsmiljø, seier direktør Trude Vollheim i Arbeidstilsynet.

Godstransport – Arbeidsmiljøportalen (arbeidsmiljoportalen.no)

Monotone arbeidsoppgåver, låg leiarstøtte og tunge løft

51 % har monotone arbeidsoppgåver i arbeidskvardagen. Dei gjentar få og enkle arbeidsoperasjonar store delar av dagen. Slike arbeidsoppgåver kan avgrense moglegheiter for fagleg utvikling, redusert trivsel og motivasjon, og plager i armar, hender og rygg.

Låg leiarstøtte, tunge løft og sterk støy er også utfordringar i arbeidsmiljøet for bransjen godstransport. I Arbeidsmiljøportalen kan du finne fleire utvalde arbeidsmiljøforhold som kan vere spesielt viktige å jobbe med for å redusere fråvær og fråfall, og for å auke trivselen og produktiviteten.

Bransjar med stort førebyggingspotensial

Frå før finst det tilpassa verktøy og tips for desse bransjane:

– Felles for desse bransjane er at dei har kjende utfordringar med arbeidsmiljøet. Samstundes har dei alle eit stort førebyggingspotensial for fråvær og fråfall, seier Vollheim.

Nyttig for å ta tak i eigne arbeidsmiljøutfordringar

Arbeidsmiljøportalen vart lansert i desember 2020. Målet med Arbeidsmiljøportalen er at verksemda i størst mogleg grad skal vere i stand til å ta tak i eigne arbeidsmiljøutfordringar – helst før dei oppstår. Verksemdene kan bruke verktøya “Arbeidsmiljøhjelpen” og “En bra dag på jobb”.