Pris
Kr. 1990,-
ekskl. MVA

Jogeir kunne blitt ein del av sin eigen statistikk

Jogeir er sauebonde på ein gard i Stryn, ved sidan av arbeidet som fagansvarleg for maskinteknikk og presisjonslandbruk i Norsk Landbruksrådgiving. Han har og 20 års fartstid som journalist i fagbladet Bedre Gardsdrift. Der begynte han med kartlegging og analyse av alle dødsulukker med traktor i Norge. 

Jogeir Agjeld er ein erfaren sauebonde heime i Stryn, ved sidan av arbeidet som prosjektleiar i Norsk Landbruksrådgivning. Der er tryggleik i traktor eit av Jogeir sine spesialfelt, og eit fast tema i føredraga han held landet rundt. Foto: Liv Aga Malm/Spoon

– Altfor mange trur at traktorulukker skjer “berre der det er farleg”. Men det er berre små detaljar som skil ein situasjon som du vurderer til å være ufarleg, og det som kan bli til ei dødsulukke. Om vi på førehand kan seie når ei ulukke skjer, korleis den skjer eller kvifor den skjer, hadde vi ikkje hatt ulukker, understrekar Jogeir Agjeld.

Han har tal tilbake til 2008, som omfattar alle dødsulukker med traktor i Noreg. Han reknar og med fritidskøyring og trafikkulukker, ikkje berre arbeidsulukkene. I denne perioden har 71 liv gått tapt. Men det er ingen som har døydd med beltet på i traktoren.

Jogeir har bak seg fleire tusen timar i traktoren, og arbeider sjølv med sikkerheit i landbruket. Likevel, ein dag var det like før han vart eit tal i sin eigen statistikk.

– Eg pussa beitet for ein annan bonde i bygda, då traktoren min brått velta. Eg landa med bakken berre nokre centimeter frå venstre fot og skulder, men utan skade. Slik hadde det ikkje gått utan at eg brukte beltet. Og det er poenget: Traktoren er konstruert slik at når du sit i setet, er du trygg nesten uansett kva som skjer. Så lenge du sit fastspent, vel å merke.

I løpet av kort tid opplevde to kameratar i nærområdet det same som Jogeir: 

Då Jan Markus Kvamme brøyta vegen ein vinterdag i 2017, begynte traktoren å skli på holkeføret. Den erfarne føraren gjorde alt rett for å bremse ned, men det var ikkje nok: Traktoren landa på taket etter eit fall på fire meter ned ein bratt skråning. Utan setebelte hadde det gått ille. Foto: Jan Markus Kvamme

Jan Markus Kvamme begynte å skli da han brøyta vegen, før traktoren ramla utfor ein fire meter høg skrent og landa på taket. Kjell Ove Frøyset møtte ein bil på smal veg då asfaltkanten ga etter og høgre bakhjul punkterte mot fjellveggen. Då fekk berre venstre hjul bremse-effekt. Dermed skar traktoren over vegen og velta utfor skråninga på motsett side, der den kræsja ned i trestammane.

Alle tre hendingane liknar på dødsulukker som Jogeir har i statistikken sin. Men alle dei tre erfarne traktorsjåførane vart redda av beltet.

Jogeir Agjeld og Jan Markus Kvamme bur innanfor ein radius på tre mil. Om dei ikkje hadde brukt belte når dei køyrer traktor, kunne dei i verste fall ha ligge på same kyrkjegard. Foto: Liv Aga Malm/Spoon

– Traktorulukker er vanlegare enn vi trur, fordi vi ikkje rapporterer mindre uhell. Det er berre når det går skikkeleg gale at ulukkene blir registrerte, meiner Agjeld.

– Dermed vert dei mindre alvorlege ulukkene til mørketal, fordi bønder flest er robuste typar som er vande med å ordne opp sjølve. Så lenge vi greier å krabbe ut på eiga hand etterpå, så tenkjer vi «slikt skjer» – før vi ryddar opp og held fram med arbeidet. Mange legg heller ikkje merke til kor små marginane har vore mellom berre materielle skader og ei muleg dødsulukke. Og jo fleire slike hendingar som går under radaren vår, jo mindre veit vi om kor vanleg dette faktisk er. Dermed vert vi heller ikkje minna om risikoen.

Det mykje brukte argumentet om at du utan belte kan hoppe ut av traktoren og unngå å verte med utfor i ein velt, har Agjeld lita tru på.

– Det er dessverre ein svært lite realistisk tanke. Sjå på dei tragiske ulukkene med ATV’ar: Sjølv dei som sit heilt ope på eit mykje mindre køyrety, rekk ofte ikkje å hoppe av når ulukka skjer. Ein traktor er større og tyngre, og samstundes mykje vanskelegare å hoppe av. Difor er det så viktig at du sit godt festa i setet. 

Jogeir Agjeld og naboen Jan Markus Kvamme er med i Arbeidstilsynet sin nyaste film i kampanjen «Det skjedde her» – som no rullar i sosiale media med støtte frå ein brei allianse av organisasjonane i landbruket.

Sjå filmen og les meir på detskjeddeher.no

Arbeidstilsynet står bak kampanjen «Det skjedde her» som vert støtta av:

  • Fellesforbundet
  • Kvalitetssystemet i landbruket (KSL)
  • NHO Mat og Drikke
  • Norges Bondelag
  • Norges Bonde- og Småbrukarlag
  • Norges Bygdeungdomslag
  • Norsk Landbruksrådgiving
  • Norsk Gartnerforbund
  • Norske Landbrukstenester 

Kontaktpersoner

  • Pressekontakt Gro Olsvold, tlf: 45 25 72 50
  • Nasjonal koordinator for jordbruk og skogbruk, Heidi Synnøve Blekkan, tlf: 99 23 94 28

Illustrasjonsbilder kan lastes ned her

Social tagging: >

Comments are closed.