Nye CLP-fareklassar for hormonforstyrrande og miljøskadelege kjemikaliar innført i Noreg single

Det har lenge vore kjent at kjemikaliar kan ha hormonforstyrrande eigenskapar både for menneske og miljø. Enkelte kjemikaliar blir brotne langsamt ned, kan hope seg opp i næringskjeda, bli mobile og nå vassdrag og drikkevatn, og vere giftige.

Før denne innføringa i CLP (klassifisering, merking og emballering), har ein ikkje hatt nokon god og enkel måte å klassifisere og informere om dei på.

Forventninga er at betre informasjon om desse farlege kjemikaliane vil føre til utfasing. På kort sikt kan dei føre til betre og eigna vernetiltak.

Blir arbeidd med globalt harmonisert system

Endringane er foreløpig berre innførte på EU/EØS-nivå. Det inneber at dei blir innførte med EUH-faresetningar, ikkje H-faresetningar, og utan farepiktogram. På fareetikettane for kjemikaliar med slike eigenskapar vil ein derfor foreløpig berre sjå ordlyden på faresetningane og varselord.

For å unngå å klassifisere og merke om kjemikaliar når kjemikaliar kryssar landegrenser i ein global marknad, blir det arbeidd med å innføre tilsvarande i FNs Globalt Harmoniserte System (UNGHS) for klassifisering og merking av kjemikaliar. Dersom systemet blir innført i UNGHS, vil det få H-setningar og eventuelle GHS-farepiktogram, eksisterande eller heilt nye. EU vil då oppdatere regelverket sitt.

Overgangsordningar for å innføre nye fareklassar

Forordning (EU) 2023/707, som endrar forordning (EF) nr. 1272/2008 (CLP), er innført og gjeldande i Noreg. Denne CLP-endringa frå EU vart teken inn i EØS-avtalen 26.04.2024. Denne endringsforordninga til CLP, forordning (EU) 2023/707, finst som vedlegg til forskrift om klassifisering, merking og emballering av stoff og stoffblandingar (CLP- forskrifta) på Lovdata.

Det vil vere overgangsordningar for å innføre desse nye fareklassane for høvesvis stoff og stoffblandingar, men dei kan frivillig takast i bruk før fristane.

Dette er dei nye fareklassane, med underkategori 1 og 2:

Fareklasse EUH-setning Varselord
ED HH 1 EUH380 Kan forårsake hormonforstyrrelser hos mennesker Fare
ED HH 2 EUH381 Mistenkes å kunne forårsake hormonforstyrrelser hos mennesker Advarsel
ED ENV 1 EUH430 Kan forårsake hormonforstyrrelser i miljøet Fare
ED ENV 2  EUH431 Mistenkes å kunne forårsake hormonforstyrrelser i miljøet Advarsel
PBT EUH440 Akkumuleres i miljøet og levende organismer, inkludert i mennesker Fare
vPvB EUH441 Akkumuleres i høy grad i miljøet og levende organismer, inkludert i mennesker Fare
PMT EUH450 Kan forårsake langvarig og diffus forurensning av vannressurser Fare
vPvM EUH451 Kan forårsake svært langvarig og diffus forurensning av vannressurser Fare

 

Fristar for alle fareklassane (ED HH 1,2, ED EINV 1,2, PBT, vPvB, PMT, vPvM):

Stoff:

1. mai 2025 (nye stoff)
1. november 2026 (stoff på marknaden før 1. mai 2025)

Stoffblandingar

1. mai 2026 (nye stoffblandingar)
1. mai 2028 (stoffblandingar på marknaden før 1. mai 2026).